Re: Tjuvar i byen
MSN-SESSION:
Oppsummering
Gruppa klarer å beseire stirgene utan mykje tap. Dei finn så nokre fotspor dei følger til ein lysning. Der blir dei angrepet av to halvingar som dei klarer å ta ganske lett, sjølv om Lenemaren får ei velretta pil rett i skuldera. Deretter finn dei ei holeinngang dei snik seg inn i. Etter å ha passert ein piggtråd strukket over gangen høyrer dei snakking. Snakkinga fører fotspor mot gruppa. Orek bestemmer seg for å snika seg fram og ta seg av dei som lagar lyd. Han klarer å drepa halvingen som kjem gåande mot dei, men ikkje før nevnte halving har klart å varsla resten av gjengen sin om at dei har besøk. Eit par minutter med nervøs venting fortsetter før Orek bestemmer seg for å snika seg lenger fram. Resten følger etter litt etterpå. Orek ser ei hola med nokre kister i og venter til resten tek han igjen. Deretter går han inn i hola kun for å finna ut at det står to halvingar og ein halvork og siktar på han med armbrøst. Alle fyrer laus på ein gong, men Orek klarer å dukka unna samtlege skot. Den påfølgende kampen endar med at Orek ligg og blør og dør på gulvet mens Sandorm og Lenemaren er ganske hardt skadd. Heldigvis klarer Morkur å stabilisera Orek rett før han dør (-9, GM: Er skuffa over at eg ikkje fekk min første confirmed kill...).
Gruppa tek med seg alle tinga dei finn og hovudet til halvorken Krull, til den Raude Måne sitt hovudkvarter. Der leverer dei inn det som er blitt stjålet og beholder resten sjølve.
Loot: (Har tatt litt penger ut av potten for å få identifisert gjenstandene)
600gp kvar for fullført oppdrag
+1 Greataxe (Kan selgast for 1160 gp)
+1 Breastplate (Kan selgast for 675gp)
5 armbrøster type small (62,5gp)
5 small chainshirts (kan selgast for 125gp)
5 korder type small (50 gp)
1 armbrøst type medium (17,5gp)
1110 gp
2 Mwk thieves Tools (30 gp)
XP: 1600 kvar