Re: Demonjakt
Ja, eg må sei meg enig med det. Viss me angriper først så har demonane rett til å forsvara seg sjølv. Då er det berre å håpa at me tek dei før dei tek oss. Og viss me klarer å fange ein demon, eller å få den i ein situasjon der den ikkje kan skada oss, så er eg villeg til å visa den nåde, sjølv om den kanskje ikkje skjønner kva for ein gåve den har fått. Når me då tek den med til Solhammaren så håper eg at me kan få lært den kva nåde er. Med litt flaks så får me kanskje lært den empati og, sånn at den kan gå ut i verda og hjelpa folk, i staden for å skada dei. Men viss me ikkje kan få demonane i ein sånn situasjon, så vil eg ikkje risikere verken mitt eller dykkar liv på eit sannsynlegvis fåfengt forsøk på å benåda han... Ein død demon er betre enn ein levande demon og fire døde personar.