Re: Oppdrag for Den Sorte Lotus
Spionmesteren ser på dykk ein etter ein og nikkar tilfreds når de introduserer dykk. Han henvender seg først til Casper.
Det var de som var dei to nye ja. Eg lurte på når eg skulle få møta dykk. Skyggemesteren min sa at me hadde fått to nye medlemmer. Er kjekt å få møtt dei eg har høyrd så mykje om. Ikkje sant Hr. Swift?
Han blunkar litt til Vespero før han henvender seg til heile gruppa.
Eg skulle gjerne hatt hjelp med eit oppdrag ja. I det siste så har det vore fleire tilfeller av tjuveri, vandalisme og bortføringar i områda rundt Duviks Pass, og eg blei nødt til å senda agentar opp for å finna ut kva det var som forårsaka dette. Det eg då fekk veta var at det er flytta ein stamme med Jermlainer inn i holene der oppe. Jermlainer er pinglete, rotteliknande skapningar, som ikkje vanlegvis skulle tørre å drive med sånt så nærme ein by som Aegirheim. Det fekk meg til å frykta at det er nokon som leder dei. Viss denne sjefen forsvinn, så vil sannsynlegvis resten av jermlainene forsvinne og. Oppdraget dykkar går enkelt og greitt ut på å gjera at jermlainene ikkje plager området noko meir. Korleis de velger å gjera det er opp til dykk, men det er ein ganske stor stamme, så å fjerne alle er nok ikkje ein eksepsjonellt god ide.