Taldris snik seg rundt borga og føler seg temmeleg sikker på at han både har sett det mesta av vaktar og unngått å bli sett. Muren på toppen av fjellet er lågare enn muren ved foten, men totalt blotta for synlege dører eller andre inngangar. Begge murane er låge nok til å bruka tauet (Eg antek det er 50 fot) for å komma seg opp.
Den nedre muren har fire tårn som er litt høgare enn resten av muren som ser ut til å bli brukt til utkikk. Taldris legg merke til at det er folk i alle tårna, men ser ikkje meir enn ein person om gangen. Det er heller ingen som patruljerer den nedre muren.
Den øvre muren ser heilt forlatt ut, men etter lang kikking klarer Taldris å legga merke til ein person som sitt i ein godt skjult enklave på toppen av muren. Etter litt meir leiting klarer han å legga merke til ein til i ein liknande posisjon ein annan stad på muren og.
Litt utføre hovedinngangen er det ei vaktbu, der Taldris klarer å telle fire vaktar.
Elva ser ut til å leia inn i fjellet, men de må symja iallefall eit lite stykke under vatn for å sjå om den leiar til noko spanande.
URP:
http://home.no/oculus/slangeborga.jpg
Eg trur eg fekk dekka det mesta der, men de finn vel alltid på eit eller anna lurt å spørja om=P