Re: Ein liten ekspedisjon
De spaserer rundt i gatene mens haustsola skin ned på dykk. Sjølv om vinteren ikkje har komme ennå, så er det tydeleg at det iallefall ikkje er sumar lenger. Bladene har for lengst forlatt løvtrea, og det er ikkje ubehageleg å gå med reisekappe lenger. Etter eit par minutters spasering kjem de til Det Røde Tårn og går inn. De møter ein liten halving med inngangen som viser dykk vegen til kontoret til Xarim. Han bankar på og de høyrer nokre bekreftande lydar frå innsida. Når de kjem inn ser de eit rom som er dekka i bøker, alle veggane er fulle av dei, skrivepulten er full av dei, og fanget til Xarim er fullt av ei ganske stor ei. Han kikkar raskt opp mot dykk og smiler.
"Er de her på grunn av ekspedisjonen?"
Han kikkar på dykk og mot andre sida av rommet. Der borte står ei åpen kista, og når de ser nærmare på den, så ser de at den ikkje inneheld verken dauingar eller skattar, men noko som liknar på speila som står på vertshuset.
"Me fann denne mens me tok over Tor-Runedar. Eg trur den kan ha tilhøyrd Gnarv Runeson, ein stor dvergetrollmann som budde der for lenge sidan. Han skal ha laga eit par sånne kister for å holda kontakt med nokre av kontaktane han hadde i andre verdener. Problemet med dette er at me ikkje vett kva for ein av dei andre verdene denne kista går til, og eg kan rett og slett ikkje ta på meg dette sjølv, då eg har eit laug å drive... Skjønner de problemstillinga mi her?"