Re: Korrupsjon i Aegirheim, del 2
Zeth gliser og kikkar skrått bort på Zot. Han nikkar lett bekreftande.
"Ein plan ja... Det verkar ikkje som om dei har nokon mistanke så forhåpentlig vis tek dei det roleg kva vakthald og utkikkspostar angår."
"Det beste ville nok vere om me drog ut i god tid for å halde staden under oppsikt. Dersom me kjem etter dei og dei ser oss før me er heilt framme stikk dei berre av."
"Dersom me er ute i god tid og får plassert oss ut kan me få omringa dei ganske greitt og, men det er kanskje ikkje alle her som er like familiære med skog og det å forbli usett?"
This message was last edited by the player at 10:23, Sat 28 Mar 2009.