Re: Dvergetur til Glanderfaern
Det første som slår dykk når de går oppover trappa er kor fint steinverket er her i forhold til lenger ute i hola. Det er utskjeringar på trappetrinna og langs veggane, og hadde det ikkje vore for støvet og skiten som ligg over skulle ein tru dei var heilt nye.
Døra er rett og slett enorm. Også denne har store inskripsjonar og bordar.
All skrifta står på dvergisk så det er ikkje noko problem for dykk å tyde det.
Øverst står det med store bokstavar; "Glanderfaern - Sørøst"
Lenger ned står det lista opp: "Myrkin", "Glander", "Flavner", "Jorgir", "Hystens", "Sarnargard" og "Nordteil".
Det ser ut til at det kan vere familienamn, noko som igjen kan indikere at dette er inngongen til eit gravkammer.
Litt lenger ned på døra kjem derimot noko som ikkje passar heilt inn.
Nokon har hoggd bort ein del av relieffa for å få fram ein slett plass å skrive på. Der står det:
"Dverg; presenter du deg og ditt folk, og du skal verte innlaten.
Du vesen av annan herkomst; vik herifrå og vis deg ikkje igjen, for du er ikkje velkommen i desse hallane"