Re: Tordensteinene
De sett i veg ut av byen i lett duskregn, og fortsetter på vegen nordover frå Aegirheim. Mens de går gjennom skogen blir veret sakte men sikkert mykje verre. Innen de har komme dykk til foten av Tordenfjell har duskregnet utvikla seg til å bli eit skikkeleg møkkaver. Det regner rett og slett kattungar, og alt de har på dykk er søkk vått. Heldigvis er de framleis i skogen så de har ikkje merka noko til vinden ennå, men når de ser oppover mot Tordenfjell ser de at det ikkje vil vera nokon enkel veg opp... Mørke skyer ligg over heile området og det ser ut til at det er særs sterk vind der oppe.
Våte og kalde går de opp i passet til Tåredalen og finn ein tynn sti som fører dykk i retning hjerta til Tordenfjell. Stien har tydelegvis vore i eit dyratråkk eller kanskje blitt brukt av gjetare som skal opp på fjellet og henta dyr, men det er ei stund sidan den har blitt brukt, så nå og då må Caeleth fram og speida etter kvar det blei av den. Etter eit par timar klatring opp fjellet har stien blitt så dårleg og veret så vanskeleg at alle saman må hjelpa til for at de skal komma dykk opp.
SKILL CHALLENGE
Det er vått, glatt, kaldt og drit. Oppgåva går ut på å finna vegen opp til sentrum av uveret utan å mista nokon på vegen. Eg gjer som Ole og lar dykk velga sjølv kva skill de vil rulla og kva begrunnelse de vil gi, og så ser eg om det blir ein primary eller secondary-check ut ifrå kor god begrunnelse de gir.