De fortsetter å stavra dykk oppover då Tharsul legg merke til noko rart på himmelen. Det ser ut som om alle lyna og alt regnet og haglet går i ein spiral innover mot eit punkt i midten. Ein kjapp rundspørring med Caeleth får fort bekrefta at dette ikkje er noko naturleg, då dette er noko ein gjerne kunne forventa i ein tropestorm i Mumaraki og Tyroni, men aldri så langt nord som Aegirheim. Einaste mogelege forklaringa kan vera at det er noko som kontrollerer veret i midten av denne sirkelen. De sett i veg inn i midten og etter ein kort halvtime løyer veret litt. Då er de på veg over ein bakkekam, og får lagt dykk ned på toppen av bakkekammen for å kvila og kikka ned på andre sida.
Det de kikkar ned i er noko som ser ut som eit krater etter eit vulkanutbrot, og på botn ser de ein liten dæsj gnomar som luntar rundt og gjer daglegdagse gnometing. Midt i krateret ser de og det de kom her for, tordensteinane. Dei står midt i krateret og det stemmer som Cerinwe sa, dei har blitt flytta på. Dei er ca to meter i diameter og ser rimeleg runde ut. Ellers ser dei ikkje spesielle ut på nokon måte. Nå står dei sånn som dette:
X X X
X X