Re: Vertshuset den Heldige Eventyrer III
Hane kjem luntande bort til baren og bestiller seg eit glas mjølk, deretter blir han sittande og kikke litt på klientellet, utan å snakke så mykje.
Dei som har kjent Hane ei stund ser kanskje at han har endra seg ganske mykje frå når de traff han for første gong. Akkurat kva det er som er endra, er kanskje litt vanskeleg å sette fingeren på, men han ser kanskje litt skumlare ut? Han er bleikare/meir blodfattig enn han var før, i tillegg til at kleda hans (kappa, sko, armbeskyttare og krona) som dekker over skallrustninga med Sola på, passer utruleg godt i lag og gjer han ein slags majestetisk utstråling, men kanskje dei hadde passa betre på terrorkonge enn på ein prest som berre vil folk godt?