Re: En liten ekspedisjon
De kjem etterkvart til det røde tårnet som står så einsleg midt ute på elva. Når de kjem inn i tårnet blir de møtt av ein raudhåra mann i tredveåra. Han har på seg ei våpenskjorte som er delt i to, med ein raud måne på den eine sida og eit raudt brennande tårn på den andre. Han introduserer seg som Koristus, og viser veg oppover i tårnet, før de til slutt kjem til kontoret til ildmagusen Xarim, leiaren av Det Røde Tårn. Etter at Xarim tok over Duvik Hall har kontoret for det meste stått tomt, men det ser ut til at det framleis er eit par eksperiment der inne som ikkje kan flyttast ut. Hyllene, som før var fulle av bøker og alkymistsett, er nå ganske tomme, då mesteparten av utstyret er flytta til Duvik. Det einaste som tek merksemda dykkar er ei stor kiste på gulvet, og eit stort skap inntil den eine veggen. Caeleth kjenner igjen kista med ein gong, for eit halvt år sidan sendte denne kista han til skogsplanet, der dei måtte sloss mot drakar og goblinar for å komme heim igjen. Koristus smiler til Caeleth og nikkar mot kista.
"På vegne av både månen og tårnet må eg få takka deg for det arbeidet du, Morkur og Sigfasti gjorde med den kisteportalen der Caeleth! Me har fått oppretta god kontakt med Celas Dargo sin landsby, og dei kan definitivt vera nyttige allierte å ha!
Men det de er her for er noko heilt anna. De er her på grunn av det skapet me har ståande der borte i hjørnet!"
Han går litt nærmare skapet og bankar borti treverket.
"For ei stund sidan prøvde me å oppretta eit portalsystem mellom dei forskjellige borgene i nærheten, sånn at ein kunne frakta folk lynraskt mellom Duvik Hall, Tor Rundedar, Slangefortet og Aegirheim. Planen var å først aktivere denne portalen her, for så å sette opp i Duvik Hall og resten av borgene når dei blei klare til det. Men når me aktiverte portalen her i Aegirheim hadde den ingen portal å linke seg opp til, noko som førte til at den lenka seg opp til ein annan 'ledig' portal. Kvar denne portalen er, har me ikkje peiling på, men når me gjekk gjennom den blei me skutt på, så me har ikkje tørt å gå gjennom før me fekk sendt eit eventyrlag gjennom for å renska opp litt. Me gøymde portalen inne i skapet, sånn at ingenting kan komma gjennom, for dette er ein aktiv portal, sånn at de når som helst kan gå frå den eine sida til den andre. Nå er skapdøra lukka og forsegla på magisk vis, men me skal ha den open heilt til de kjem tilbake igjen, sånn at de slepp å bli igjen der inne.
Oppdraget dykkar går ut på å finna ut kvar portalen går til og å gjera området trygt rundt den, sånn at me kan komma oss inn og gjera undersøkingar."
Etter denne relativt lange forklaringa kikkar han på dykk med eit blikk som tyder på at han har rekna med at minst halvparten har falt av.
"Spørsmål?"