Glanderfaern - krypt 3
"Historia fortel om ein beskyttar, smidd av glanderfaerns dvergar i fordums tid.
Krafta i denne magiske beskyttaren vart dyrka og perfeksjonert og gav
glanderfaern kraft til å herske over alle nærværande stammer.
Men hovmod står for fall og beskyttaren vart gravlagd saman med sin siste bærar
då det ikkje lenger var bruk for krafta den gav.
Dette førte til Glanderfaerns undergang og den neste generasjon måtte til slutt
kapitulere og overlate dei historiske hallane til mindre venlege kreatur.
Likevel, objektet kan hentast ut om ein klarar den store testen.
Og det vil vere til stor hjelp for å reinske ut ondskapen i dei kommande kryptene.
Difor har Oron bestemt at de skal få prøve dykk, og han trur og håpar at de er klare."
Golemen bukkar og leiar dykk i retning krypta med namnet "Nordteil".
På døra står verset:
"Her kviler Trandok Nordteil,
den siste bærar av vår store beskyttar,
og han som fekk stogga våre fiendar ein gong for alle.
Må vår store beskyttar hjelpe han i etterlivet
no når vår værd ikkje lenger treng dens beskyttande vinger."
Golemen opnar døra og stiller seg i sin vanlege butler-positur.
Gongen innover ser ut nett som dei to andre kryptene de har vore gjennom.
Skal Arian berre bli igjen her kanskje? Det er i grunnen opp til dykk, eg tek i så fall hensyn til det sjølvsagt.