Re: Glanderfaern - krypt 3
Golemen deler dermed ut ein til heal pot til kvar av dykk, så plukkar han opp Arian og set han ned ved alteret inntil vidare. (Tenk Mark i the Gamers)
De vandrar ei god stund innover utan at det skjer stort, gongen går svakt nedover heile vegen og svingar litt fram og tilbake.
Etter ei stund ser de lys eit stykke framme, gongen munnar ut i ein stor hall.
Langs veggene står søyler og framom omtrent kvar søyle står det ei statue av ein warforged.
Midt på kvar sidevegg står det store statuer av to golemar, til høgre ein leiregolem, til venstre ein piggete beingolem.
Rett fram står det ei krypt inntil veggen, oppå denne står det ei statue av eit robotbeist.
Alt er stille som grava og det ser ikkje ut til at statuene har tenkt å angripe dykk med det første.
På krypta står følgande inskrift:
"Må du dverg som ynskjer å overta Glanderfaerns beskyttar overvinne den motstand Trandok Nordteil overvann i sine glansdagar."
Framom krypta og beistet står det tre... braziers... (på norsk anyone?).. av stigande storleik.
Den minste står lengst ut i rommet, den største nærast krypta.
Ingen av dei brenn, men det er flust med brennande faklar rundt i rommet.
Av info om monstera statuene forestiller veit de følgande:
Wx: Warforged Soldier, slår hardt, får bonus av å ha allierte nær seg.
WRx: Warforged Resounder, magikar, dyttar og dyttar deg i bakken.
WCx: Warforged Captain, merkar, gir og får bonus til/frå allierte.
Qx: Warforged Anvilpriest, magikar, gir pågåande skade, gir minus på angrep og skade.
BG: Bone Golem (spesiell), gjer skade om du står inntil, gir skade om du slår den med OA.
CG: Clay Golem (spesiell), gir bonus til blodige allierte, hindrar deg i å helbrede.
SP: Steel Predator (spesiell), merkar, kan gjere deg døsig og døv.
Rommet ser slik ut:
<IMG src="http://stuhaug.no/RpolSaker/RpolIllustrated/User/ragnar/Maps/Golemtest.jpg">