Re: Vandringsmannen
Ellodir trekk ikkje våpen når alvane gjer det, men Umbra knurrer sint mot alven som trakk sverdet.
"Ta dette som eit teikn på at eg ikkje har planar om å gjera det same med dykk då. Venene dine trekk sverd og byrjer å lese skriftrullar utan at eg har tilkalla vaktane mine. Nå vil eg ha litt samarbeidsvilje frå dykk og, så få robeguten din til å slutte med den magidriten han nett byrja på!"
Han peiker på robealven mens han seier dette.
"Fyren som sto bak øydeleggingane dykkar er etter all sannsynlegheit fyren som opna ein portal i skogen min og som og gjorde at det nå er rundt tusen demonar som baner seg veg gjennom skogen. Eg klarte nesten å ta han av dage, men desverre klarte han å stikke av ned i portalen, som nå er lukka, mens han lova at brødrene hans skulle ta hevn. Dette er eit ganske stort problem faktisk, så eg er forberedt på å gje dykk to val. Enten så hjelp de meg med å finne ut korleis ein får has på desse demonlagarane, eller så sitt de her og held kjeft til eg er ferdig med demonproblemet. Då kan de for eksempel tenke på kva de hadde gjort med ein gruppe krigare som hadde alle likhetstrekka til forspeidarane til ein invasjonshær."
Når han seier det siste opner han døra, men går ikkje ut ennå.