Re: Sjukdom i skogen
"Det skulle me og... Det er eit eller anna der inne som sug livet ut av deg, men me har ikkje peiling på kva det er. Dyr blir galne, eller døyr og råtner vekk latterleg mykje raskare enn vanleg. Me skulle ta turen inn for å finne ut kva som forårsaka det. Me merka rask at det var ubehageleg, men det var så lite at me ikkje tenkte over det, me tenkte at det føltest ubehageleg på grunn av all foråtnelsen rundt oss, så me fortsatte innover ein times tid. Då me satt oss ned for å ta pause blei det plutseleg mykje verre og då me såg på beina våre, og då spesiellt Petrus sine, var dei byrja å råtne vekk! Utanom Silvanus sine då, han merka ingenting til dette. Då var det berre å sette i veg ut igjen, men sidan me var såpass langt inne tok det ein del tid å komme seg ut igjen og. Eg vett ikkje kvifor i alle dagar det var såpass mykje verre for Petrus enn for meg... Uflaks kanskje? Silvanus er jo ein deva, så dei tåler jo sånn råtning (necrotic) og sånt betre enn folk flest."