Re: Sjukdom i skogen
Då sett de i veg i retninga patruljen kom frå, fast bestemt på å få fiksa dette problemet. Dei kan gje dykk ein ganske grei vegbeskrivning, i og med at det berre er å gå mot senter av der åtselfuglane sirkler. Når de kjem ut ser de ganske klart at fuglane de såg tidlegare er spredd i ein ganske fin sirkel, med fleire og større dess nærmare midten av sirkelen de ser.
Ved hjelp av denne enkle beskrivinga kan de lett sette i veg med godt (middels?) mot inn i skogen. Etter ei lita stund blir skogen tettare, så det er ikkje så lett å sjå fuglane lenger, men de hugser retninga ganske greitt og har ingen problemer med å holde retninga. Når de har gått i ca to timer legg de merke til ein endring som har foregått ei lita stund. Røttene på trea og graset/mosen på bakken ser ikkje friske ut lenger, det verker som om dei er i gong med å råtne vekk. Graset har tydelegvis fått det verst til nå. Når de kjenner etter merker de faktisk ein litt ubehageleg kjensle i føttene, men ikkje noko meir enn viss ein går på eit båderomsgolv som er bittelitt for varmt.
Etter ein halvtime til legg de merke til dei første klare teikna på at det skjer noko skikkeleg gale her. Ei mus ligg dau på bakken foran dykk og det ser ut til at den har ligge der i fleire veker, men det er ingen av dei vanlege råtneteikna rundt den. Det pleier vanlegvis vera flusst i insekt og liknande vesen rundt eit råtnande dyr som det her, men denne musa ser ut til å forsvinne for egen maskin. Når de tenker etter så har de faktisk ikkje sett nokon insekt utanom floger og mygg den siste timen.
Ubehaget har forsåvidt og blitt litt verre, men ennå ingenting ein person som ikkje kjente etter ville reagert på.
De har tatt 2 necrotic over den siste timen.
Det byrjer og å bli vanskelegare å finna fram, så skal de fortsette mot sentrum må de sette i gong med ein skill challenge.