Re: Vertshuset Den Heldige Eventyrer II
Otros nikker til mørkalven før han vender merksemda mot den dragefødte.
"Jo, takk! Det er bra at du har meldt deg inn du og! Me treng mange gode rekruttar og befal skal me kunne fortsetta med den utviklinga me har her nå! Ein treng jo ein god del folk til å passe på Aegirheim, fleire av dei beste reiser jo ut for å jobbe på forta nordpå."
Han smiler litt for seg sjølv og kikkar rundt for å sjå om nokon la merke til denne openbare sjølvskryten, mens han følger Kriv bort til bordet.
"Men ja, ville du høyra om broren min? Eg blei vekka ein tidleg morgon på Slangefortet, med eit brev om at broren min var fengsla for å vera med på eit attentat mot dronninga. Eg trudde jo sjølvsagt ikkje på dette, så eg måtte reise ned og få fiksa det, sånn at han kunne bli frifunnet. Det Røde Tårn hjalp meg med å komma ned med ein gong, og når eg kom ned blei eg dratt inn i eit vev av løgn og djevlar. Eg endte opp med å stjele ein særs umagisk stein frå tre stykker som sto midt i eit opptog for å hindra dei i å drepa dronninga av Estan. Seinare viste det seg at desse menna, og djevelfødte, var Shevashtilbedare som hadde fått i oppgåve frå Shevash sjølv om å drepe ho. Kvifor vett eg ikkje, men eg fekk nå iallefall drept dei, og eg fekk plukka opp ein fin liten dolk mens eg gjorde det!"
Han trekk opp dolken og kastar litt på den.
"Men etter at eg hadde stoppa attentatet var det iallefall tydeleg at Livio, broren min, var uskyldig, så dei satt han fri. Så etter eit par dagar med ferie heime i Estan blei det på tide å komma opp igjen her for å fortsetta med jobben."
Han drikk opp vinglaset og ber om eit nytt eitt.
"Og du då? Kven er du for ein egentleg?"