RolePlay onLine RPoL Logo

Welcome to Paths of Ascension, DnD 4e (Norwegian)

22:32, 1st May 2024 (GMT+0)

Ellodir

Beskrivelse/Bakgrunn: Ellodir er ein låg mann
med mongolsk utseende. Utseende hans er lite
innbydende, i og med at han ser ut som han konstant
kjem heim frå fleire år i villmarka. Han går med
slitte klær, og ein dårleg lær-rustning. Han liker
seg godt blant folk, men viss folka han vil vere
med, ikkje har lyst til å være med han ut i villmarka,
så foretrekker han ensomheten.
Ellodir kom opprinneleg frå Kulverø, og bar namnet
Miko. Der gjekk han i lære for å bli samurai.
Men samuraiene sin strenge bushido og rett-på-sak
kampstil passte ikkje til Ellodirs psyke. Etter 3
år i lære rømte han frå skolen, og langt bort frå
landet. Han skifta namn til Ellodir, og levde i
villmarka i fleire år. Grunnen til at han reiste
til Aegirheim er at buen hans, som tente han så
trofast i fleire år, knakk. Nå må han finne seg
nokre oppdrag, sånn at han får råd til å lage ein ny.


Ellodir er ikkje lenger den unge guten han var då han
kom til Aegirheim. Etter å ha levd saman med ulven
Umbra i Aegirskog i fleire år har har begynt å likna
meir og meir på ulven han lever og reiser på oppdrag
med. Tenna hans er lengre og spissare enn vanlege
folk sine tenner, og skjegget, som før såvidt klarte
å pressa seg fram på kinna, er nå spredd ut over heile
andletet, noko som gjer han eit ganske vilt utseende.
Ein kan spørre seg om han framleis kan kallast menneske,
eller om han faktisk har blitt til det han har vokta
budd med og beskytta så lenge.

Medlem av Aegirskogs Voktere (Skogsvokter)
Innehaver av forsvarsmedaljen i sølv