RolePlay onLine RPoL Logo

Welcome to Paths of Ascension, DnD 4e (Norwegian)

16:34, 1st May 2024 (GMT+0)

Hane Krigorson

Hane blei fødd inn i ein stor familie, som den tolvte sonen til ein fattig gårdbrukar. Difor blei han, i ein alder av tolv år, sendt i kloster, sidan foreldra ikkje lenger kunne fø på heile familien lenger. På klosteret lærte han kunsten å helbreda folk, og alt det du treng veta om den store og herlege guden Sol. Når han var trettiseks år gammal reiste han ut i verda for å spre Sols glade bodskap, og å hjelpa dei trengande. Når han fekk nyss om at det skulle skje ting i Aegirheim, reiste han opp dit med ein gong for å vera med på å byggja opp byen.

Det første som slår ein når ein ser Hane, er den store tresola som heng rundt halsen hans. Ellers så har han ein vakker skallrustning med våpenskjoldet til Solhammaren på brystkassa. Sånn reint fysisk, så har han fysikken til ein middelaldrande, svak person, sjølv om han ikkje er noko skrøpeleg for det. Det svart-bruna håret hans har begynt å få nokre grå trekk, og han gjer ingenting for å skjula dei.

Innehaver av forsvarsmedaljen i bronse og blodkorset
Medlem av Solhammaren (Ridder)