Re: Glanderfaern - krypt 2
Har ingenting å seie for min del om me drøyar litt med å starte.
Men i forhold til tabletoping; eg skal godta at du justerer opp Dorn denne gongen og, men det blir nok siste gong inne i glanderfaern.
Dersom denne gruppa skal halde saman gjennom alle kryptene (eller så lenge de har lyst i det minste) så kan de ikkje bli for spreidt i level.
Bolg er alt lvl 4. Det blir Dorn og no ser det ut til så den er grei, men Arian er framleis berre level 2..
Eg kan ikkje tillate at Dorn hoppar opp ein level ekstra mellom kvar krypt!
Ikkje meint å vere vanskeleg her, men i denne situasjonen vart det litt dumt...
I forhold til lengden på oppdraget så har planen komme litt pø om pø, og eg har ikkje laga klart ting for kvar einaste krypt (sjølv om eg har klart ein grovskisse, og ein, i mine augo, ganske kul sak til litt seinare).
Så om de vil avslutte turen er den mogelegheita open mellom kvar krypt.
De var jo ikkje akkuratt forberedt på at de kunne risikere å bli låst til denne gruppa og denne staden i opptil 6-7 oppdrag.....
Tek litt sjølvkritikk på akkuartt den biten der....