Eit brev om hjelp
Mens Hane og Argul kjem seg inn på vertshuset for å nyta eit glas mjølk og eit glas med noko sterkare enn mjølk, kjem Biron bort til Hane.
"Det var nokon som var innom med eit brev til deg, dei hadde ikkje tid til å vente, men eg sa eg skulle få gitt det til deg."
Brevet er skrevet på eit avrevet stykke pergament og bærer tydelege preg av å ha ligget i nokon si lomme i ein lenger periode.
Til Hane Krigorson
Altram har komme tilbake og han har fanga Shak. Du sa me alltid kunne rekne med hjelp frå deg, så kan du ta med deg krigarane dine og redde oss?
Me held til ved Tussevann.
Helar.
Hane gjenkjenner namna som nokon han, Megrim, Lothar og Maladarius redde frå nokre demonar for ei god stund sidan. Den gongen slapp ein av ondingane, Altram, unna.
This message was last edited by the player at 12:26, Tue 10 Jan 2012.