Gangen de går i opner seg opp i ei stor naturleg hole. Det er noko rart med ljoset her nede, for solstavane dykkar ljoser ikkje lika langt som dei vanlegvis ville gjort, (dette har dei forøvrig ikkje gjort utføre hola heller), kva som får dette til å skje er jammen ikkje lett å seie. Hola blir desverre altså ikkje heilt oppljost, men de merker lett at den er stor. Midt i hola er det ein opphøgning som ser relativt natuleg ut. Ellers ligg det strødd dverge- og gnomelik rundt omkring i hola, nokon er renska som dei de såg tidlegare, mens andre er heilt normale. Dei held litt diverse våpen, men for det meste er det gruvehakker o.l. Dvergeskjelettet som ligg på toppen av høgden tilhøyrde nok ein krigar, for det har platerustning på seg.
Gravsteinane er lik og skjelett.
De ser ikkje lenger enn det svarte. Viss de ser i nedre venstre hjørne er det ein kalk av greia i midten av rommet, dvs de ser den frå sida av. Det ljose er ei rute høgare enn gulvet og det mørke er ei rute høgare enn det igjen. Å gå opp ei rute koster to ruters rørsle. Å gå ned er vanleg. Ein treng ikkje klatre, det stig jevnt, men det er ikkje lett å teikne jevn stigning vha. 2x6 piksler.