Re: Demonar i fjella
De kjem inn i eit stort rom de ikkje ser enden av. Til å byrje med høyrer de ingenting utanom klankinga til rustningane dykkar, men når de stopper opp og kikker utover i rommet høyrer Klegfast noko som høyrest ut som snakking, eller rettare sagt kviskring, frå inne i mørkret. Han klarer ikkje høyre kva dei seier, kva språk dei snakker eller korleis stemmane deira høyrest ut, men det høyrest ut som om det er snakking iallefall.